Først var me på øya Kythnos, så Paros by før me gjekk til ein liten by nord på Paros. Eine dagen (2. november) gjekk første strekket til Mykonos. Derifrå til Syros og så til Kea før me segla inn til Lavrio.
Me nytta dagane til trening i segling og hadde litt teori innimellom. Men det vart og god tid til andre aktivitetar og mykje god mat. Me såg oss rundt i hamnene - og eit bad og to vart det nesten kvar dag.
Helsing Einar Matre
Seglkurset med innleigd båt vart avslutta 6. november 2010, og det blir nye kurs i Hellas til våren og sommaren 2011.
Info: Kykladene er den største øygruppa i Hellas og ligg i kryssingspynktet mellom Egeerhavet og Kretahavet. Det er mellom 40 og 50 øyar i Kykladene, alt etter kva ein vel å telje med som øyar i dette mylderet av øyar og holmar.
- Log in to post comments