Drifta på Smedholmen er av ei slik art at me kan illustrera og vidareformidla kunnskap om korleis ein dreiv eit lite småbruk ute i Fitjarøyane.
Sauehald
Sauer har me hatt på øya så lenge me har vore der og så lenge me kjenner til i ubrutt tradisjon. Me har av den gamalnorske utegangar sauen som er ei arv frå det først sauehald på kysten.
Lyngbeite
Lyngen er breidd over heile øya, men her må det gjerast eit arbeid med lyngbrenning og hogging av trer som vil opp.
Torvskjering
Dette er ein aktivitet, der me vil visa korleis dei fann seg noko å fyra med.
Fiske
Seladon har me rigga som eit dorgefartøy og fiska makrell på våre private turar i havet. Med Seladon kan me og illustrera dette i fjordane med grupper. Me kan også ta med folk på fisketurar i opne båtar og fiska med handsnøre. Båtana me har, har vore nytta til landnotkast. Terje har erfaring frå brisling og sildefiske og vil lag opplegg der mange kan få væra med på dette.
Oppsøkjing av andre kulturstader i distriktet
Med Seladon har me ein unik sjangse til å ta folk med rundt på Vestlandet og elles å visa andre kommunar sine «skattar».
Not-tørke og barking
Mogleg på Smedholmen.
Steinalderbuplassar
Denne buplassen kan utvida tilbodet slik at me kan leiga inn meir arbeidskraft og kanskje ha eit samarbeid med Lærarhøgskulen og universitetet som har interesse i å formidla vidare kunnskap dei sit på. Me kan byggja enkle «gammetelt» og båtar som kan nyttast i eit lukka område, Alt dette vil ikkje skada området og er lett å fjerna når om ein ikkje vil nytta det meir.