Kurs i segling – praktisk del

GRUNNLEGGJANDE KURS I SEGLING SOM SKAL GJE DELTAKARANE KJENNSKAP TIL KVA EIN BØR TILEIGNA SEG

Først vil me gå gjennom alt utstyr på båten, fordela arbeidsoppgåver og ev. faste plassar som ein kan byta på etterkvart som ein vert trygg.  Les meir her:  Kurs i segling: Praktiske oppgåver ombord

Teori om segling vert gitt underveis eller etter avtale. Les meir her: Kurs i segling – Teoretisk del

KURS I SEGLING – PRAKTISK DEL:

  • Mann overbord tørn for segl.
  • Plotting i kartplottar
  • Manøvrering for motor.
  • Segl: Trimming for å få segla til å jobba i lag og balanse mellom dei.
  • Trim av båten / balast: Finne balansen, stabilitet.
  • Trim av segla: Kva må til for å få båten til å gå raskast mogleg, lettare å styra, rolegare osv.
  • Stagvending: Korleis få båten lett over stag og kva kan væra til hinder. Drilla inn dette.
  • Jibbing: Viktig å hugsa på. Fare ved å jibba. Trena på ein sikker jibb.
  • Effektiv segling: Trena på å få god fart.
  • Kursval: Kvar kan me leggja kursen for å koma raskast mot målet.
  • Straum: Korleis nytta straumen.
  • Strategi: Kan skyer, straum, andre fartøy hjelpa deg å sjå kvar det er best å segla?
  • Trening i å bruka sansane: Ein føler med nevar, hud, hørsel, syn og balanse.
  • ”Bakka på”:  I hardt vær ein metode for å minska brot av bølgjer og få kvild. Samt minska drift mot le land.
  • Lensa unna: Ein annan utveg å komma unna uvær.
  • Manøvrering: Korleis leggja til og gå ifrå for segl.
  • Roing: Nyttig å kunna om jolla må roast.
  • Meteorologi: Lesa været. Leggja opp kurs etter været.
  • Bølgjer: Straumen, vinden og bølgjene. Bølgjeseglas på ulike kursar.
  • Sjøvegsreglar.
  • Stell av segl.
  • Fortøying: Utveksling av erfaring. ( Samtale)
  • Trening: Mann over bord, test av båten sine manøvrerings eigenskapar, effektive vendinga om ein må segla seg til kai. Test av drivanker.
  • Enkel navigering: Setje ut kurar og ta peilingar, rekne på distanse, tid og fart. Bruke kartplottar.

(Tema kan trekkjast ut frå denne lista etter kva som er av interesse. Les om forenkla kurs i segling her)

Kurset er ein del av tilbodet ved:

Maritime kurs Smedholmen / Einar Matre.

 


Legg igjen en kommentar