Kurs i segling: Praktiske oppgåver ombord

VIKTIGE PRAKTISKE OPPGÅVER OMBORD I EIN SEGLBÅT

Under ein seglas med oss kan ein lera mykje om segling.  Er seglasen tinga som eit kurs vil alle få utdelt oppgåver som ein har ansvar for:

  • Oppgåver ved fortøying. Fendring og fortøyningstau.
  • Oppgåver ved ankring (ev.  nattseglas). Tenne ankerlanterne (lanterner) og sjekke desse.
  • Oppgåver ved seglsetjing. Faste plassar.
  • Sikkerheit og arbeid på dekk. Sjekke livliner og selar, sjå at alle ber vest når det bles opp.
  • Korleis starta og stoppa båten.
  •  Bruk av kartplottar, rutekontroll/laga ruter.
  • Flåte og gummibåt med motor.
  • Lukking av dekksluker.
  • Opning og stenging av kranar og bruk av toalett/septikk.
  • Stenging og fråkopling av gassanlegg. Prosedure ved bruk av dette.
  • Gjera sjøklart under dekk.
  • Prosedure ved mann overbord (kasta slings, bøye, trykka MOB knapp (på plottar)
  • Ansvar for utdeling og bruk av sikkerhetselar og vestar
  • Ansvar for å slå av og på VHF og instrumentpanel før og etter dagens etappe.
  • Slå av og på kjøleboks, ettersom me seglar eller går for motor.
  • Kopla til landstraum og sjekka at me har lading.
  • Dagleg vask under dekk.
  • Regnskap/oversikt over delbetalingar under reisa, og reisekasse.
  • Navigering dersom dårleg sikt og ev. nattseglas.
  • Fylling av vatn i dei hamner me kjem til.
  • Lager lister for oppvask, matlaging og ev. dagleg vask.

Me vil og hjelpa til at dette fungerar greit.

 

Legg igjen en kommentar