Kurs i segling: Teoretisk del

KURS I SEGLING – TEORETISK DEL:

  • Båtypar: Sjøeigenskapar. Fart og segl eigenskapar.
  • Riggtypar: Tradisjonelle / moderne.
  • Segl: Korleis eit segl skal stå. Ulike dukar. Skjering. Fornying og reparasjon.
  • Segle på bølgjer: Segle på ulike kursar. Farer i medsjøseglas. Unngå brotsjø. Broaching (sidelengs rulling, spesiellt med spinnaker)
  • Mann overbord tørn: Teste båten korleis den er å manøvrera i eit slikt tilfelle.
  • Redning og bruk av flåte, friflyt, VHF, reflektor.
  • ”Bakka på”( ligga på været): Metode i hardt vær, korleis hindre brotsjøar, få kviletid og minska drift mot le. Bruk av drivanker og ulike metodar for å «slå av brotsjøen».
  • Lensa  unna (medvindseglas): Ein annan utveg som kan væra godt å vita litt om. Bruk av styreanker.
  • Trim av båten (optimal justering av båt og segl): Finne balansen, kvar skal ein ha ballasta i ulike skrogtypar.
  • Trim av segla: Kva må til for å få båten til å gå på fram, raskare, lettare å styra, rolegare i sjø osv.
  • Korleis verkar seglet: Med vinden på lens. Med vinden på låringa (sidevind aktante). Vinden tvers. Bidevind (mot vinden).
  • Kombinasjon fleire segl: Korleis dei innverkar på kvarandre.
  • Segling mot vinden: Kvifor ein kjem seg effektivt fram mot vinden.
  • Stagvending (venda mot vinden): Korleis få båten lett over stag og kva kan væra til hinder.
  • Jibbing (venda segla med vinden) : Fare ved ufrivillig jibb. Sikring.
  • Ulike «data» som skal setjast saman: Ein føler med nevar, hud, hørsel, syn og balanse.
  • Effektiv segling: Her skil tursegling seg ut frå regattasegling.
  • Kursval: Kvar skal me leggja kursen for å koma fortast mot målet.
  • Strategi: Kan skyer, straum og andre fartøy, som kan hjelpa deg å sjå kvar det er best å segla?
  • Manøvrering for segl og motor.
  • Roing.
  • Fortøying: Ulike variantar og omsyn ein må ta.
  • Tauverk: Ulike typar og eigenskapar.
  • Utstyr: Ekstrautstyr til rigg. Sying. Verktøy. Navigasjon
  • Meteorologi: Vær systema som råder, samt om lav og høgtrykk. Vindens oppførsel. Ulike luftlag. Farlege fenomen. Skodde.
  • Bølgjer: Farlege situasjonar. Straumen, vinden og bølgjene. Land  og bølgjer. Bølgjer over grunne områder.
  • Straum: Korleis nytta og handtera straumen.
  • Vedlikehald: Ulike alternativ.
  • Stell av segl: Ulike alternativ.
  • Gjera sjøklar: Sjøklar etter kva tur ein legg ut på.
  • Sikkerhetsutyr og redning: Bruk av flåte og anna sikkerhetsutstyr.
  • Klargjering til havseglas: Utstyr, klargjering, trening og det å væra forsiktig.
  • Sjøvegsreglar: Dei viktigaste reglane.
  • Tradisjonell navigasjon og nødnavigering:Ulike enkle navigasjonsmetodar som kan væra greit å ha kjennskap til  i nødsfall.
  • (For spesiellt interesserte: Regattasegling)

Les her om kurs i segling – praktisk del

Les her om kurs i segling – praktiske oppgåver om bord

 

Legg igjen en kommentar