Seladon

 

seladon i skjaer

About Seladon – in english

Seladon er eit lettsegla fartøy, bygd i byrjinga av forrige århundre i overgangstida, då ein hadde både segl og motor. Dette gjer at den lett kan seglast av få personar, og med ei gruppe på 12 på langtur, så har alle si eiga køy. Men den er sertifisert for 35 personar på dagstur og 18 på overnattingsturar.

Tidlegare vart den nytta i Nordsjøfiske og har operert over heilt Nordsjøen, eit av verdas hardaste havområder. Skuta er mjuk i bevegelsane og svært god å væra ombord i, kjend frå gamalt som ein «god sjøbåt». Den seglar med full seglføring i lett vær like fort mange moderne seglbåtar.

Sidan 1980 har me fornya skuta slik at den heile tida vert oppgradert. Den er sertifisert og kontrollert av skipskontrollen og har full utrustning med omsyn til sikkerheits utstyr, som eit havgåande fartøy. 2 toalett, bysse og messe i rommet. Skipper og bestmann har lugar akter og utanom er det 12 faste køyer for medseglarar. Likevel så er det opplevinga som seglskutemannskap ein får oppleva. Det er ikkje luksusliv som på eit cruiseskip men «ekte vare» og oppleving frå langt attende i tid.

Om livet ombord:

«Vinden bles svakt over havflata,  Seladon glir lett avgårde med fulle segl.  Nokre ombord følgjer med segla, styrer og held utkikk, medan andre ligg langflat på dekk og kjenner på varmen frå solstrålene.

Ei gruppe har nett laga mat og ete. Dei gjer seg klar til vakt, for det er enno nokre timar før me går i hamn og skal strekkja beina på tur i land, alltid eit mål å nå… kva vert det i dag?»

-Velkomen ombord!

Legg igjen en kommentar