SELADON hette tidligere LILL II. Her er litt av historien.
To brør frå Rekefjord, Wilhelm og Godtfred Godtfredsen var på leit etter nytt fartøy i 30 åra. Dei hadde sett eit fartøy som dei syntes vel om og oppsøkte smeden for dette, fartøybyggjar Andreas Svoldal i Kvinnherad. Han skulle væra kjend for å levera gode sjøbåtar.
Farvatnet rundt Rekefjord er opent. Det er ingen skjergard og det bryt stygt i fjordmunninga i dårleg vær. Fisket føregjekk på bankane i Nordsjøen. Stader som Jæren og Siragrunna samt Listaområdet er prega av straumsjø, så dei hadde sine meiningar om korleis fartøyet skulle væra.
Andreas Svoldal hadde liggjande skore tømmer til eit 65 til 70 fots fartøy. Modellen var grovskoren men då Godtfredsen brødrane kom og ville ha eit litt mindre fartøy, var det motvillig han gjekk ned i storleik. Brødrane ynskte at fartøyet ikkje skulle slå på sjøen når dei gjekk imot. Det måtte heller ikkje slå på hekken når dei låg å dreiv i havet. Dette ynskje fekk dei oppfylt og let vel over fartøyet på alle vis.
Det nye fartøyet vart slept til Rubbestadneset. Der vart det sett inn ein 40 hk. Rubb. I Eigersund fekk dei sydd gaffel storsegl, mesan og fokk. Desse segla var sydde for hand i bomullsduk.
Litt av historia til Seladon, ex Lill 2, er her fortald av John Midtbø, han var med Willhelm Godtfredsen på fiske ein del år. . John gjekk om bord i 1959. Dei tråla reka og fisk til sildoljeindustrien. Det var då ein 2×60 Union i skuta. Tidlegare var det ein 40 Rubb.
Då Midtbø gjekk i land i 1966 vart det innsett ein 2 x 40 Greenå. Dei fiska ein del i lag med ei skute som heitte «Ternen» frå Fredrikstad. Dei dreiv då med partrål på Fladen Grunn.
Midtbø let svert vel over Lill 2 «den var svært god i sjøen» «drog snorbeint for trål». «Halvlasta, då kunne ho klara seg i allslags vær, men fullasta, då kunne ho skjæra litt i medsjø. Men på sida då var ho fin.» «Fullasta tok ho 450 hl.»
”Me fiska på Vikingbanken (Bergen banken), Patch bank, Doggerbank, Fladen grunn og på Revet. Godfredsen var og over til England og Shetland. Dei fiska sild på Shetland og i Måløyno”.
Ein gong låg dei på Vikingbanken då det bles opp til ein NV liten storm og sjøen bygde seg opp til 13 meters høgd. Men dei kunne gå tørrkodd på dekk. Dei segla så heimretter att og gjekk inn søra løpet med Eigersund. Men det var ikkje så gale. Verst var det om dei skulle rundt Lista i Nordvesten. Der haldt ein langt ut i dårleg vær.
Ein gong dei kom frå Ekkofisk fekk dei NV stiv kuling 7 til 9 meter høg sjø. Det var bygevær og dei fekk «ravkuling»på seg. Godt lasta og med kvass halvsjø på baugen var det eit brott han huska som tok ein del av skansekledninga og ein lettbåt samt noko reiskap.
Det var ikkje vanleg å sakka på med Lill II og i førstninga då Midtbø stod til rors og dei andre sov, kom han ut i stor kvass sjø, han sakka på, men då kom skipperen opp og lurte på kva ”som var gale”. «Han pla ikkje sakka på for sjødn» sa han.
Då Godtfredsen selde, vart Lill 2 kjøpt til Karmøy der ho vart liggjande i 2 år, før Terje og Einar kjøpte. Dei fekk med Magne Andersen frå Dåfjord Skipsbyggeri til å besiktiga.
Kjøp kom i stand og ”Lill 2”, seinare SELADON, la ut på førebels siste reis på 4 timar frå Karmøy til Sagvåg. Der hadde dei fått kaiplass ved sida av ein annan eldre kutter.
Einar måtte i militæret, men fekk vakter slik at han ofte kunne koma heim for å arbeida. Det var mykje som skulle rivast og tida gjekk med til dette, samstundes som det sakte kom jernballast om bord. Denne var støypt ned i betongklossar som var forma mellom spanta slik at dei kunne takast ut.
Heile dekket vart rive, nokre nye bjelkar og kravellar vart sette inn. Og kvart år når dei var på slipp sette dei inn nye spant og ny hud i baugen og tok dei to øvste hudplankane heile vegen rundt.
Styrehus, maskin, trålvaiarar og vinsjar vart selde. Det kom inn over fjerdedelen av kjøpesummen.
Tømmer vart leita opp kvart år. Me var med sagbrukarar å saga, seinare fekk dei leiga sagene og ei stund var dei med å sette i stand oppgongsaga på Jensanes, som hadde ste i ro i mange år. Mastrar vart hogge og lagt til tørk. Dei vart tørna ¼ tørning kvar veka og hogge til med øks, firkant, åttekant, sekstenkant osv. til dei kunne høvlast og pussast med bandslipepapir.
Tømmeret skulle stå på rot ringberkte eller kruneskorne i mange år til dei var dauda ut. Helst skulle det liggja i sjø eller vatn eit par år, på ein stad det ikkje var maur og makk. Slike prosessar har dei nytt i ulike høve.
I Sagvåg vart store deler av skroget, dekk, lukekarmar og dekkshus gjort ferdige. Terje og Einar overtok Smedholmen Kyst og Naturlivskule i 1985 og fekk ein muligheit til å drive med båtar, fartøybygging og undervisning.
Gjennom ein del år hadde dei lagt opp pengar. No var det slutt på det. Ein reserve hadde dei lagt opp, som skulle dekka ferdiggjering av Seladon og no vart det å leva på det tente på kursa på Smedholmen. Det var berre tjøra og mat dei tok seg råd til å kjøpa det første året. Og inntektene auka litt for kvart år og dei haldt ut. Ein brukar lite pengar når ein arbeider lange dagar og bur på ein holme utan tilbod.
I 1987, fekk foreldra til Einar overta eit gamalt fraktefartøy me 50 hk Union. Denne var god å ha når dei skulle rigga opp og frakta tømmer og anna. Og i 1991 segla dei Seladon for første gong. ”Det var som å få hovudet over vatnet”, men etterpå har det vore mange dukkertar. Litt etter litt kom innreiing og alt teknisk som skulle til for å få sertifikat for passasjerfart. Det viste seg at når fartøyet kom i fart, auka inntektene, men det gjorde utgiftene og slik at det vart ikkje utbytt til ei normal løn, livet frametter skulle verta ein kamp på knivseggen. Sesongen startar i Mars og slutta i oktober. Vinteren elles går til vedlikehald, nye planar, kundekontakt og papirarbeid i forhold til skipskontroll og utstyr som skal fornyast. Det er ikkje mogleg for dei å få tid til fastare lønna arbeid vinterstid. Dermed må dei framleis driva føretaket på idealisme, då dei ikkje har støtte frå det offentlege eller private investorar slik mange andre veteranfartøy i same bransje har. Men gjennom Vennelaget for Seladon og Smedholmen, får ein mange kontaktar og god marknadsføring, som kan vera ei god støtte vidare frametter.